Blomen og bia

Dei fleste av oss møter bier i løpet av sommaren. Nokon vil helst unngå dei, medan fruktbønder kan betala for å få titalls tusen av dei inn i hagane sine.

Kva nyttar me biene til? Kva gjer ein birøktar og korleis får ho biene til å spele på lag? Veit du kva biene gjer om vinteren? Dette og meir får de svar på i denne episoden av Vestlandsbonden som er tileigna dei fabelaktige honningbiene.

Me pratar med Heidi Eiken som har 12 års erfaring som birøktar, og me høyrer frå Jan Ove Nes som er fruktbonde og siderprodusent i Hardanger.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.