Feltforsøka gjev vestlandsbonden nyttig kunnskap om dei ulike grasartene.

I denne episoden har me tatt med oss mikrofonen ut på eitt av forsøksfelta til NLR Vest. Her har me tatt ein prat med Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge som har ansvar for forsøket. Me får høyre kvifor slike felt er så viktige og kva forsøksfeltet i Omvikdalen i Kvinnherad kan fortelja oss. Kjersti Hjelmeland som er forsøksverten, fortel oss om korleis det er å ha eit forsøksfelt. Me har også treft Bart Van Gool som tidlegare var rådgjevar i dette området og har hausta forsøksfelt sia 80-talet.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.