Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

Kva spelversjonar av mellomalderen er mest korrekte, og kva er dei mest morosame og mest spennande? Dette diskuterte Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby og gamer og rådgivar Christine Jentoft, saman med samtaleleiar Andreas Hedemann frå Nerdelandslaget.  

Spelarar får ikkje nok av sverdkamp, kongar og riddarar på hest. Spel som Skyrim, Pentiment og Kingdom Come: Deliverance er døme på internasjonale suksessar som hentar inspirasjon frå mellomalderen. I spela står gjerne kampen om dei store verdiane: det gode mot det vonde, det gamle mot det nye. Nokre av spela bygger opp under myten om mellomalderen som ei ultravaldeleg, kaotisk tid. Andre spel lærer oss mykje om korleis folk faktisk levde i mellomalderen. 



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.