Slåttetralling og plateinnspeling til dans med Isa Holmgren

Sjølv om svært mykje av folkemusikken vår er dansemusikk, er det ikkje ofte det blir spelt inn folkemusikkplater med dansarar til stades. Det vil Isa Holmgren gjerne noko med, når ho i vår kjem ut med andre soloplata si, ‘Dans med meg’. I denne podkasten får du vere fluge på veggen under plateinnspelinga på Sæterhytten, Bygdøy i Oslo, og vi intervjuar i tillegg til Isa sjølv, produsent Vegar Vårdal, dansar Tone Ingvaldsen og dansar og plateutgivar Solveig Brekke Hauknes (som saman med Bjørn Kåre Odde driv plateselskapet Melovitten). 


Dei andre som er med i studioet dei har sett opp på Bygdøy for høvet, er produsent og konsulent Synnøve Brøndbo Plassen, lydteknikar Fridtjof Lindeman og dansarar Audun Grüner-Hegge og Torbjørn Bergwitz Lauen. Musikken dei spelar inn, og som du får ein smakebit av, er «Geitleken» (polsdans fra Finnskogen i form etter Vegar Vårdal) og «Klunken» (reinlender etter Ragnar Mathisen). 


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.