Hjelp – vi har fått oss gard!

Kva skal vi drive med på garden? Skal den vere buplass med nogo attåt, eller arbeidsplass og hovudinntektskjelde. Skal vi halde fram produksjon som dei før oss, eller tenke nytt? Kva kan vi produsere på vår gard, og kva spør marknaden etter? Kva skal vi prioritere, bustadhus eller driftsbygning? Maskiner? Reiskap? Mange spørsmål – vi skal prøve å finne svar på nokre av dei. 


I denne episoden av podkasten Vestlandsbonden snakkar vi med bygningsplanleggar i NLR Vest, Hans Emil Dale om viktige vurderingar omkring bygningsmassen på garden, og kva rådgjeving NLR har for dette. Vi snakkar og med og finansieringsrådgjevar May Britt Otterlei i Innovasjon Norge om ulike stønadsordningar til landbruket, særleg knytt til ein oppstartsfase. 


Og sjølvsagt må Kolbjørn snakke litt HMS…..  


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.