Det gode bondeliv

Å behalde arbeidshelsa og unngå skader og uhell, er kanskje det aller, aller viktigaste for ein bonde. Det meste på garden er avhengig av deg, og at du fungerer. Aktive HMS-tiltak er viktig og nødvendig for at det skal gå bra. Statistikken for landbruk syner at det dessverre går gale litt for mange gonger i løpet av eit år. I denne podkasten kan du høyre korleis du kan få hjelp til HMS-arbeidet frå NLR Vest og våre samarbeidande bedriftshelsetenester. Kanskje får du eit og anna konkret tips som kan vere nyttig for deg? 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.