Å høyre til. Brynjulf Jung Tjønn og Mala Wang-Naveen

I diktsamlinga Kvit, norsk mann reflekterer Brynjulf Jung Tjønn over eigen oppvekst og identitet. Som adoptert frå Sør-Korea til ein gard i Sogn og Fjordane på 1980-talet, har livet hans vore prega av rasisme og manglande førebilete. Dikta stiller eit ubehageleg spørsmål: Kor annleis hadde livet hans vore om han var kvit?

Men samlinga utforskar òg grunnane, både dei genetiske og dei som kanskje ikkje er det, til at han ikkje kunne leve opp til forventingane om å ta over garden og føre familietradisjonen vidare. Kva er eigentleg ein familie, og kva tyder det å høyre til i han?

Brynjulf Jung Tjønn debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske, og har sida utgitt poesi og prosa for alle alder, blant anna dei kritikarroste ungdomsromanane Så vakker du er og Smadra. Han blei tildelt P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige, og i 2022/2023 er han husdramatikar ved Dramatikkens Hus.

Mala Wang-Naveen er forfattar og samfunnsdebattant, og redaktør for antologien Norsk nok. Dei møttes på Litteraturhuset til samtale om rasisme, identitet og tradisjon.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.