Her er den nye toppsjefen i fylket

Den nye fylkeskommunedirektøren Toril Hovdenak vil ha med heile organisasjonen i jobben med å utvikle fylket til ein enda betre plass å bu og å drive verksemd i.

- Eg er ikkje så veldig opptatt av at eg skal sette mitt «stempel». Eg skal skape handlingsrom for at dei som ønsker, kan og vil utvikle fylket skal gjere det saman. Eg er ikkje så opptatt av at mitt fingeravtrykk skal vere så synleg, seier Hovdenak i podkasten Frampå.

- Eg vil heller vere den som går bak og passar på at alle blir med – at vi får med dei stemmene som er verdt å lytte til i samarbeidet.

I podkasten blir vi meir kjend med den nye fylkeskommunedirektøren. Kven er ho? Kva står ho for? Og korleis vil ho sette sitt preg på fylkeskommunen?

Toril Hovdenak er på plass som fylkeskommunedirektør frå 1. januar.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.