Fri og villig?

Når det står om liv, stiller dei frivillige opp. Alltid. Slik dei også gjorde under den store redningsaksjonen då cruiseskipet Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars 2019. 1.373 personar i nød. Og som eit mirakel var det ingen som omkom.


Men har dei frivillige fått ei altfor tung bør på skuldrane? Kvilar storsamfunnet for mykje på dei frivillige si innsats?


Podkasten er ein samtale under fylkeskulturkonferansen 4. og 5. desember på Bjørnsonhuset i Molde, der frivilligheita og frivilligåret 2022 blei markert og feira.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.