Hjelp – vi har fått oss gard, del 2

I forrige del av "Hjelp - vi har fått oss gard" snakka vi om bygningsrådgjeving på garden og støtte til finansiering av landbruksbygg. Viss du skal bygge må du sjølvsagt vite kva du skal bygge, utifrå kva produksjon det er naturleg og fornuftig å satse på når det gjeld din gard. Og ikkje minst lønsemda og må ein vite noko om.

Då må vi snakke om økonomi og planlegging, og det er tema for dagens podkast.

Me har tatt ein prat med Arve Arstein, økonomirådgjevar i NLR Vest og utarbeider kvart år mange driftsplanar for bønder i Vestland. Og Per Inge Indrebø som driv gard med kjøtproduksjon på storfe i Sandalen i Jølster. Han har bygt ny ammekufjøs i tilknyting til eldre båsfjøs på garden.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.